Ferdig turveg - kantar og amfiet er klar til såing.
Turvegen over Skårhaug vart ferdig til påske. Finpussen vart gjort i går. Det same gjeld planering og klargjering til såing ved scenen og amfiet. Det er usikkert om sjølve plassen kan brukast på vanleg måte på 17. mai, men det er mogeleg å finna ei alternativ løysing. Styret førebur vegopning med snorklypping og program sundag 7. mai. Neste prosjekt i arbeidet med å rusta opp Stemneplassen er vegsikring, parkering og asfaltering til ein kostnad rundt kr. 400.000,-. Haugland Maskin er entreprenør.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal