Korsnes velforening legg opp til felles oppskyting av rakettar i kveld kl. 24.00. Plassen er ballbingen ved hovudvegen. Anita Simensen fortel at velorganisasjonen har kjøpt inn nokre rakettar. Dei som ynskjer det, kan ta med sine rakettar. Felles oppskyting i Korsnes har vore gjort før. Det er eit flott felles tiltak, mellom anna for å laga ei trygg og god ramme rundt nyttårsmakeringa. Frå sentalt hald er det påpeika at alle som driv med oppskyting i kveld, må bruka vernebriller. Sjå kva velforeninga skriv:

Korsnes velforening har invitert naboar til ei felles oppskyting av rakettar ved ballbingen i Korsneset. Dette er tredje året på rad og vi ser på dette som ei god anledning til å samla naboar og kjentfolk. Om andre i bygda ønsker å koma, er alle hjerteleg velkomne. Velforeninga bidreg med litt fyrverkeri, men oppfordrar dei som vil, til å ta med seg eige fyrverkeri og. Vi ser fram til ei triveleg samling der vi kan takka for det gamle og ønska kvarandre eit godt nyttår.”

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto