Velforeningen i Korsnes hadde felles oppskyting av rakettar i fjor. Silje Øye fortel til uskedalen.no at ein prøva det same i år. Plassen er ballplassen straks på nedsida av Fylkesvegen og ved innkøyrsla til bustadfeltet. Ho veit ikkje kor mykje det vert, men vil invitera alle til ei oppskyting som organisert på ein trygg og forsvarleg måte. Det er lova gode vermeldingar. Det kan bli eit vakkert syn.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs - arkivfoto