Korsnes velforening legg opp til felles oppskyting av rakettar nyttårsafta kl. 24.00. Plassen er ballbingen ved hovudvegen. Anita Simensen fortel at velorganisasjonen har kjøpt inn nokre rakettar. Dei som ynskjer det, kan ta med sine rakettar. Det har vore felles oppskyting i Korsnes dei siste åra. Det er eit flott felles tiltak, mellom anna for å laga ei trygg og god ramme rundt nyttårsmakeringa. Frå sentalt hald er det påpeika at alle som driv med oppskyting, må bruka vernebriller. Alle som bur i Korsnes og som som er inne på FB sida deira, kan lesa meir der.

Tekst: Korsnes Velforening
Nett: Kristian Bringedal