Til påske fekk alle husstandane i Kvinnherad tilsendt det nye og felles kyrkjelydsbladet for alle soknene i kommunen. Fram til no har det vore ulike løysingar. Mest stabilet med kyrkjelydsblad har det vore i soknene Fjelberg, Uskedalen, Eid, Valen og Holmedal. Jan Ove Fagerheim på Kyrkjekontoret held fram som redaktør. Med seg i redaksjonsnemnda har han: Rita Isdal Cunningham, Sjur Tjelmeland, Reidar Algerøy, Airin Helene Zimmer og Kristian Bringedal. Alle i redaksjonensnemnda har sine innlegg i det nye bladet. Den faste spalta Slekters gang med oversikt over dåp og gravferd er på plass. Det same gjeld for kyrkjekalenderen.

Redaksjonsnemnda for det nye kyrkjelydsbaldet er Airin Helene Zimmer, Jan Ove Fagerheim, Sjur Tjlmeland, Rediar Algerøy, Kristian Bringedal og Rita Isdal Cunningham.
Redaksjonsnemnda for det nye kyrkjelydsbladet. F.v: Airin Helene Zimmer, Jan Ove Fagerheim, Sjur Tjelmeland, Reidar Algerøy, Kristian Bringedal og Rita Isdal Cunningham.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kvinnherad kyrkjekontor