Arbeidet med utvandrarprosjektet fører med seg at Uskedal Historielag kjem i kontakt med fleire amerikanarar som ættar frå Uskedalen. Seinast i denne veka fekk Torkel Stensletten ein telefon frå turistkontoret i Rosendal om at dei hadde vitjing av 4 amerikanarar som ætta frå Døssland. Turistkontoret fekk tips av Thor Inge Døssland om å ta kontakt med Stensletten for å få nærare informasjon, og det fekk dei. Han møtte dei ved Gamleskulen. Vêret innbaud ikkje akkurat til uteaktivitetar, så då høvde det godt med ein kopp kaffi og vaflar på Kafè 10-aren. Namna til amerikanarane er Barbara og Steven Chelstrom frå Minnesota og Bonnie Chelstrom Zimmer og Sarah Chelstrom frå Wisconsin. ( Sjå bilete ).

Slekta kjem frå bruk 1 på Døssland. ( Arkivfoto ).

Dei ætta frå Gjert Johannesson Døssland som utvandra i 1853 saman med kona Brita Kristensdotter Skeie. Då hadde bror til Gjert reist året før og funne høveleg plass til dei i Olive township i Clinton county i Iowa. Gjert, eller George, som han kalla seg i Amerika, fekk etterkvart ein farm på 600 acres, som tilsvarar omlag 2400 da. Han var ein arbeidssam kar og i 1881 braut han opp i Iowa og tok med seg alle dyra og husbunad og reiste til Perley i Norman county i Minnesota. Her grunnla han ein ny farm i Red River Valley.

Edle Lomheim og Bjarte Døssland bur på tunet i dag.

Dette var den korte historien.Etter kaffi i Gamleskulen køyrde gjekk turen til Døssland, slik at dei fekk sjå staden der Gjert kom ifrå. Dei tykte det var ein vakker stad, trass i vêret, Det var kraftig ausregn medan dei var der. Det var ei kjekk stund for alle. Torkel Stensletten har fått nye kontaktar som han kan nytta seg av i det vidare arbeidet med emigranthistorien. Dei har mange bilete som er av interesse for Historielaget.

Tekst: Kristian Bringedal/Torkel Stensletten
Foto: Privat/ Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal