13 konfirmantar, 13 bøsser, 13 roder og 10 sjåførar. Det var det som måtte til for å gjennomføra ein velluka fasteaksjon i ettermiddag. Soknerådet vil takka konfirmantane og foreldra for god innsats med å samla inn pengar til reint vatn i fattige land, i regi av Kirkens Nødhjelp. Innsamla midlar i kontantar lyder på heile kr. 11.333,-. Så kjem all VIPPS og overføring på konto i tillegg. Fasteaksjonen er eit fast og årleg tiltak for årets konfirmantar. Opplæring og klargjering til den store konfirmasjonsdagen 30. april held fram. Bilete er henta frå samtalegudstenesta 27. mars.

13 konfirmantar og 13 bøsser var i aksjon under årets Fasteaksjon.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal