Den årlege Fasteaksjonen i regi av soknerådet i Uskedalen går over to dagar, i dag (tysdag) og i morgon (onsdag). I fjor gav aksjonen eit resultat på over kr. 20 000,-. Inntekta går til Kirkens Nødhjelp og føremålet er reint vatn i fattige land. Det er konfirmantane saman med foreldre og medlemer i soknerådet som står for innsamlinga. Bilete på topp syner prest og konfirmant i 2025.

I Uskedalen vert aksjonen gjennomført fysisk med besøk på dørane. Med få konfirmantar er det vanskar med å nå heile bygda. Difor kan det vera plassar som ikkje får besøk.

Dersom du har tid og krefter til å hjelpa soknerådet, eg vi takksame for det. Meld frå eller berre møte fram på møterommet på Stemneplassen i morgon, onsdag, i god tid før kl. 17.00.

VIPPS er som i fjor: 2426

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto