Det er heller sjeldan det ligg tre veteranfarty i hamn på same tid hos Ole Kristoffer Vågen på Skorpo. Det var såleis kystkultur på høgste merke i går kveld då fartya MATHILDE, VÅGEN og SJØBRIS hadde funne vegen til Uskedalen. I tillegg hadde SJØBRIS gavlabåten BARNES og ei snekke frå Ljosnes på slep frå Åkra til Skorpo i går ettermiddag. Bilete over syner MK SJØBRIS på slipp.

Då uskedalen.no tok turen til Skorpo i går kveld, var alt SJØBRIS og BARNES komne på slippen, klar for reingjering og tjørebreiing. Snekka frå Ljosnes høyrde i si tid til i tunet til Peder Ljosnes. I snekka står ein 4 HK Sleipner bensinmotor.

SJØBRIS med namnet HAMMERFISK høyrde i si tid til brørne Hammerø på Sunde og vart brukt linefiske. Det er ein kutter på 42,6 fot. Frå 2009 har det stått ein Cummins 160 HK motor i fartyet. I dag er det Ragnar Vågen frå Åkra som er eigar av både kutteren og gavelen. Kvart år tek han turen til Uskedalen for slipping i Vågen på Skorpo.

Då vi snakka med Ragnar i går kveld fortalde han at han brukte fire timar på turen frå Åkra til Uskedalen. Då hadde han tre andre båtar på slep. Ole Kristoffer Vågen driv med slipping og restaurering av farty, ein populær plass for alle med interesse for trefarty.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Øystein Enæs