Familietreninga i Aktivitetshuset tek til måndag 17. oktober kl. 17.30. Etter ei leikbasert oppvarming vert det ein hovuddel med tilpassa styrketrening, som oftast sirkeltrening. Treninga vert avslutta med ballspel. Alle kan vera med uavhengig av kva idrett ein elles driv med. Instruktør Anne T. Myklebust fortel at ein har gode erfaringar med å ha ungane med og at dei synst det er kjekt å trena saman med vaksne. Ungdomane får veileda på styrkerommet.

kb