Hjønnevåg sin lutefisk sel godt. Dagleg leiar på REMA 1000, Dagfinn Gjerde, fortel til uskedalen.no at salet har vore eventyrleg godt. Kundane etterspør lutefisken frå Uskedalen og boksane fyllest opp. Marit Hjønnevåg stadfestar at det har vore godt sal i alle butikkane i Kvinnherad. Lutefisk vert produsert av tørrfisk frå torsk eller lange. Hjønnevåg brukar torsk som vert kjøpt frå produsenten Johs. H. Giæver i Lofoten. Råstoffet vert sortert i ulike kvalitetar. Hos Giæver har dei ein eigen Hjønnevåg – sortering med topp kvalitet. Eit godt råstoff er ein føresetnad for god lutefisk. Bilete syner Tommy Hauge på REMA 1000. Her fyllest boksane opp med lutefisk frå Uskedalen.

Takst/foto/nett: Kristian Bringedal