Det har vore eit eventyrleg godt fiske i elva dei to siste veke. Den største fisken til no veg 8,4 kg. Vidare på lista finn vi fangstar på 7,4 kg og 6,6 kg. Musland, Haugland, Døssland og Dønhaug går att som dei beste valda, Kjærland og Feet er også gode fiskeplassar. Så langt i år er det meldt inn fangst nær på 60 fiskar med ei total vekt på 156 kg. Snittvekta er 2,3 kg. Berre i denne veka er det registrert 9 fiskar på Elveguiden. Makk toppar lista for brukt redskap. Floge vert også brukt. Mange av fiskarane er kjende i Uskedalen. Dei kjenner elva godt og veit nøyaktig kva tid det er godt fiske i Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat - henta frå Elveguiden