I samband med arbeidet i Lokalhistorisk gruppe held eg no på med ein artikkel om systova som Sverre Arnesen dreiv i etterkrigsåra og fram til 1965. Systova heldt mesteparten av tida til i huset på bildet, men blei siste åra flytta til loftsetasjen på samyrkelagsbygget. Eg er svært interessert i bilde som kan knytast til denne viktige verksemda med mange kvinnearbeidsplasser. Eg har namn på mange kvinner som jobba der, men eg har nok ikkje alle. Særleg treng eg namn på dei som jobba der før 1950, og mellom 1960 og 65.
I tillegg til dette er eg interessert i bilde til andre artiklar.

I denne omgang er eg i tillegg interessert bilde av:

  • Huset SJØTUN som stod i Stølavikjo og m.a. husa snikkarverkstad og møbelsnikkeri.
  • Møblar som er laga av møbelsnikkar Johannes Eriksen. Ein del av desse skal framleis vera i bruk og til pryd i ulike heimar.
  • Bilde som kan knytast til bakeridrifta til Odden på Neset (Odd Myklebust), og til bakeridrifta i Beinavikjo(Selmer Hansen)
  • Revagarden som var på Neset.
  • Det aktive handballaget i etterkrigsåra.
  • Fotballag på 50-talet. Eg ønskjer også svært gjerne bilde av dei to Årstad-spelarane Audun Bolstad og Jan Sagvaag.
  • Frå Sunnhordlandsmeisterskapa som blei arrangert på Heio. Gjerne med deltakarar frå Uskedalen.
  • Friidrettsutøvarane Edvin Kjærland og Lars Magne Haugland i aktivitet.
  • Losje “Uskedalen”.
  • Skotårsfestar.

Dei som kan hjelpa med dette, kan ta kontakt på tlf 932 88 237 eller på thordossland@gmail.com.

Lokalhistorisk gruppe er sjølvsagt svært interessert i bilde om andre tema og. Dei som har det, kan ta kontakt med Kristian Bringedal eller andre i gruppa. Det vil seinare bli arrangert scannekveldar for å få lokalhistoriskenbilde digitalisert og arkivert. Dette vil bli gjort kjent her på sida. Derfor kan det vera fint å bruka regnversdagar til å leita i gamle bilde.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland