Erle Marie Korsvold og Viljar Berge-Soldal var med på Sonesamling - fotball i helga.
Sone Sunnhordland hadde sonesamling i Uskedalen i helga, for jenter og gutar fødde 2012. Erle Marie Korsvold og Viljar Berge-Soldal frå Uskedalen var med på samlinga. På samlinga møtte i underkant av 30 jenter og like mange gutar. Med trening og kampar kjem ein etterkvart fram til kven som vert utvalde til å vera med vidare. Etter denne samlinga går 6 – 7 spelarar ut av laga. Til slutt skal det vera 20 spelarar på kvart av laga. Neste samling er på Bømlo før Tysnes.
Tekst/foto: Per Korsvold Nett: Kristian Bringedal