Vi har fått nokre dagar med nydeleg vinter, men meiningane om snø og vinter midt i mars er delte. “Det er nydeleg, men er det nødvendig?” høyrer vi. Mange likar vinter på denne tida, men vil ha den i fjellet!
Heldigvis er det nokre som har glede av denne snøen og. Særleg barna. På Døssland har Lilly Magrethe engasjert både pappa og bestefar til å laga ein kjempestor, flott snømann. På bildet ser vi Lilly Magrethe ved sida av snømmannen. Pappaen til Lilly har til og med laga ein snømann på taket av lastebilen sin, og Lilly Magrethe har nytta seg av muligheten til å gå på ski.
Ikkje tvil om at nokre har hatt glede av den siste snøen og. På Døssland har tre generasjonar kosa seg i lag.

Lilly Magrethe må veksa mykje for å bli like høg som snømannen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Camilla Hjellbakke Richardsen