Med 55 % av røystene går det mot eit svært godt val for INP med 6 mandat, alle nye. Thomas Eide frå Uskedalen er eit sterkt namn. Vegard Bjørnevik frå Høgre kan bli den nye ordføraren i Kvinnherad. Høgre er så langt inne med 10 mandat. Oddbjørn Kroka, nr. 6 på lista, er eit aktuelt namn i det nye Kommunestyret. AP kan få ein tilbakegang frå 7 til 6 mandat. Dermed kan det vera usikkert om Bjørn Olav Tveit er inne. Mest usikkert er det for Jostein Saghaug, kumulert og nr. 1 på lista for Miljøpartiet. Dei er så langt inne med 1 mandat. Dermed er det usikkert om det vert Jostein Saghaug, Mattias Zimmermann eller Maud Ceila T. Førland.

Det er pr. no kl. 22.10 usikkert om Jostein Saghaug er inne i det nye kommunestyret.

KrF er inne med 1 mandat, men kan få + 1 mandat. Venstre er ute, men med finteljing kan partiet berga sitt eine mandat. FrP held sine 3 mandat. Tove Lill Lakselv er truleg inne i K.styret. SV er inne med sine 3 mandat. Wermund Vetrhus kan vera eit nytt namn i kommunestyret. SP har sterk tilbakegang frå 8 til 5 mandat. SP har ingen frå Uskedalen på lista.

Siste: Etter oppteljinga i Rosendal valkrins er SP inne med 6 mandat ( + 1 ). Industripartiet går tilbake frå 6 til 5 mandat. Viktig å ta med at dette er førebels resultat. Oppteljinga i Husnes, Halsnøy og på Hatlestrand vil truleg ha innverknad på det endelege resultatet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå valsendinga til Grenda.