Energibomba frå Bergen kjem til Festidalen for å pumpa liv i næringstrengande vestlandskroppar. KAMARA er eit kraftsenter det berre tyt karisma og godstemning ut frå. Ho pustar inn rytmikk og attitude, og syng ut reinspikka moderne pop. Og det på eit fordømt sjarmerande vis. I fjor blåste ho publikummet på Øya og Bergenfest av bana. I år er det vår tur.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal