Eit døger etter at Regjeringa la fram nasjonale smitteverntiltak kjem det fram kva endringar og justeringar det vert i det lokale kulturlivet i Uskedalen i fire veker framover. Det vert om lag slik det var tida frå mars 2020 og fram til samfunnet opna opp. På konsertar og arrangement må ein særleg unngå å samla mange og store grupper, gjerne frå ulike bygder. Bilete syner kyrkja merka med bakgrunn i meterregelen. Under finn du ein oversikt med bakrunn i det som er meldt inn i dag.

  • Kyrkja vil truleg gå tilbake til merking, frammøteliste spriting og eit maks frammøtetal på 50. Kyrkja er ikkje stengd og soknerådet saman med kyrkjekontoret vurderer situasjonen frå veke til veke.
  • Skulemusikken vert ikkje med på Julekonserten i kyrkja sundag 19. desember. Dei vil, som i fjor, ha ei samling i Båthamna med framføring av juletonar.
  • Røysterett for Alle har avslyst sin konsert i kyrkja i morgon, torsdag 9. desember. Dei vert heller ikkje med på ein evt. julekonsert sundag 19. desember.
  • Uskedal Musikklag øver og vil ha fleire framføringar i tida fram mot jul. Det vert mellom anna lagt opp til speling ute ved SPAR og truleg ved Rosendalstunet.
  • Rustne Menn har gjennført sin plan i hausthalvåret med allsongsamlingar og andre framføringar.
  • Den siste koronakafeen komande tysdag går etter oppsett plan, men det vert ikkje allsong.
  • Helsetrimmen for vaksne i regi av Uskedal helselag på fyrstkomande måndag går som vanleg, deretter er det juleferie.
  • Kvartetten ÆRE øver og har lagt opp til julekonsert i Varaldsøy kyrkje tysdag 14. desember.
  • Idrettslaget sin trim går etter oppsette treningstider. Det er trening ut neste veke, så er det juleferie.
  • Aktiviteten på Uskedal skule går utan justeringar så langt. I morgon vert det gjort ei vurdering og ein avventar melding frå kommunen om kva ein gjer med avslutningar før ein tek juleferie.

Vi kjenner ikkje til om det vert gjort endringar i høve til julefestane i romjula. Det gjeld særleg julefesten i Vonheim og i Bedehuset.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal