Endeleg kan vi ta kvardagen i barnehagen tilbake etter nedstigning, strenge restriksjonar, kohortar, avstand, og avgrensingar for kven vi kan vera saman med. Den gode barnehagekvardagen slik vi kjenner den frå før pandemien er dermed tilbake. Det boblar nok litt ekstra i oss alle av både spontanitet, kreativitet og ynskje om å vera saman og gjera kjekke ting ilag.  

Klemmefest i Uskedal Barnehage.

Eit lite glimt frå barnehagekvardagen vår: 

Det banka på døra til kontoret mitt. Inn kikka smilande og svært hemmelegheitsfulle barn. Vi har ein hemmelegheit. Du må komma inn på avdelinga vår kl 11.30. Vi skal ha Klemmefest. Du må ikkje seia det til noko…..veldig hemmelig altså. Så forsvann barna ut døra, men det varte ikkje lenge før døra gjekk opp på ny. Vi må øv. Du må vera med. Øva seier eg. Kva skal vi øva på? BliMe dansen Dynamitt vel. KOM!. Bestemte barnehender dreg meg opp og ut av kontorstolen. Eg spør: Skal vi ha BliMe Dansen på Klemme-festen? Ungane ser på meg å ler. Men vi må jo øva likevel.  Festen er  etterpå.

Ungane hadde jammen taket på BliMe dansen. Høg aktivitet og masse dansing gjer både små og store svoltne. Inne på avdelinga hadde fleire av barna laga grønsaksuppe saman. Dekka bordet fint med haustserviettar, haustblad og lys. I taket hang hjerter som nokre andre av barna hadde laga. Alle, som kom inn på avdelinga, fekk ein god klem. Kjempe koseleg. Barna hadde gjort ein kjempe jobb.  

Gleda er stor over å vera tilbake til kvardagen slik det var før pandemien.

Småbarns avdelinga var også invitert med på festen. Det var tydelig at dette var noko dei syntes var både spennande og veldig kjekt.  Ved festbordet spør eg barna: Korleis kom dåke på å laga Klemme fest? Det var dei vaksne som kom på det, men vi syntes det var ein lur ide, så då fekk vi vera med å bestemma og laga festen. Vi må jo ha fest no når vi kan klemma kvarandre igjen, smiler barna.  

Det var ei utrulig koseleg stund inne på avdelinga. Skulekameratane var eit svært stolt vertskap som hadde laga mat, invitert, pynta, dekka bord og ynskt alle hjarteleg velkommen med ein god klem.  

 

Tekst/foto: Uskedal Barnehage
Nett: Kristian Bringedal