Etter at fjorårets russerevy dessverre måtte først utsetjast, og så avlysast like før den skulle gå av stabelen, kan vi no glede oss til å oppleva ungdommeleg og sprelsk humor frå scenen i Kulturhuset Husnes igjen. Årets russ er i full sving med innøvinga av årets revy “Size doesn’t matter”, og billettsalget er alt godt i gang. Det er planlagt tre framsyningar, – fredag 28. og laurdag 29.januar. Over ser vi den glade revygjengen fotografert av journalist Jorun Larsen i Grenda.

Plakaten til årets russerevy.

Det er alltid kjekt å oppleva russerevyane der det alltid openberrar seg nye talent. Årets russ lovar også at både publikum og aktørar vil få ei morosam og minneverdig stund i Kulturhuset Husnes.
– Den blir betre enn nokon gong. Den blir faktisk berre betre og betre for kvar gong du ser den, så det beste er å kome på alle tre førestillingane, reklamerte Anders Bru Sele til Grenda-journalist Jorun Larsen etter at den eine av revysjefane,Brynjar Vigrestad, hadde lova at det blir ein svært god revy.

Den andre revysjefen er Maja Fredheim. Ho er ein svært lovande songfugl, og i tillegg har ho solide band til Uskedalen. Ho er dotter til Atle Fredheim som voks opp her, og som no er busett i Korsnes. Ho meiner at det er svært viktig at dei no fekk mulighet til å gjennomføra russerevyen.
– Det handlar jo mykje om det sosiale, at me får dette fellesskapaet med å laga noko i lag. Det har bobla fram mykje på revymøtene våre, så me har jo hatt mykje klart i eit halvt år no, seier revysjefen om førebuingane til Grenda. Likevel blir den intense innøvingsperioden kortare enn normalt på grunn av koronatida vi har vore gjennom. Russen har gode støttespelarar i Karianne Solheim og Maria Solheim Thorsen i dette arbeidet.

Revyen vil totalt vera samansett av 15-16 nummer der alt er sjølvlaga. Publikum blir råda til å hiva seg rundt og sikra seg billettar. På grunn av korona og avstandsreglar blir det færre plasser på kvar førestilling. Det blir altså ei førestilling fredag 28.januar og to framføringar laurdag 29.januar. Etter det vi kjenner til, er det også fare for at det dukkar opp nye Uskedalstalent på scenen. Det bør jo heva både interessa og kvaliteten. Her er det berre å sikra seg billettar til ei humorstund i Kulturhuset Husenes!

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Jorun Larsen/ Grenda
Plakat: Russen.