Emil takkar for alle pantebidrag til barnekreftsaka.
Har samla inn over 16.000 kroner berre på Spar Uskedalen.
Emil Ekornrød Sætre frå Autrheim, men med sterke røter i Uskedalen, har også dette året samla inn store summar til barnekreftforskninga gjennom flaskepantaksjonen sin. Foreløpig er ikkje det endelege totalbeløpet klart, men gjennom ordninga han har ved Spar Uskedalen, har han samla inn over 16000 kroner. Det er rett og slett imponerande!!
No vil Emil takka alle dei som har støtta aksjonen hans ved å leggja pantelappar i postkassen han har der. Emil fortel at planen er å avslutta aksjonen like over nyttår, men han er svært takksam om nokon fraleis vil støtta dette gode føremålet når dei pantar etter all julebrusdrikkinga.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat