Klarer vi 10.000 i Uskedalen innan 22.juni?

11 år gamle Emil Ekornrød Sætre starta etter nyttår på ny ein panteaksjon til barnekreftsaka etter at han hadde samla inn heilt imponerande 106.000 kr året før. Uskedalen.no skreiv då om saka. Seinare fekk han sett opp ein postkasse ved panteautomaten på SPAR Uskedalen for å gjera det enklare å samla pantelappane frå dei som vil gi støtte her i bygda.
Emil bur i Austrheim kommune, men mora Mette Ekornrød er her frå Uskedalen, og dei er ofte her på besøk.
No fortel mormor Liv Astrid Myhre at dei har hatt oppteljing av pantelappane i postkassen på SPAR og det har gitt flotte 5775 kr til den viktige saka.

Aksjonen går fram til 22.juni, og det blir spennande å sjå korleis resultatet utviklar seg framover. Hadde vi klart å nå 10.000 hadde det vore heilt fantastisk!! Vi får håpa på nydeleg ver og mykje brusdrikking og panting framover!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Privat