Elisabeth Eidsvik frå Uskedalen med politihunden Chili har utmerka seg over tid med gode prestasjonar og utmerkingar. Det siste er NM for politihundar der ho vann miljøangrepet og vart den beste ekvipasje i rundløypa for pilitihundar. Elisabeth og Chili høyrer til team Bergen/ Sør-vest. Som gruppe fekk dei ein flott 5. plass. Laget består av to patruljehundar og ein narkotikarhund.

Elisabeth Eidsvik fortel til uskedalen.no at Chili er den andre godkjende patruljehunden ho eig. Hunden er 6 år, fødd i 2005. Chili er også godkjend på lavine. Elisabeth har vore med i NM to gonger før. Ho har teneste ved Haugesund Politikammer.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Bergen Pilitihundelag