I går, onsdag, var det ein flott og stemningsfull start på skuledagen for elevane ved Uskedal skule. Inngangen til adventstida blei markert. Det var elevrådet som stelte i stand adventskos for alle elevane, lærarane og andre tilsette. Plakatar inne i gongane og faklar ute viste veg til grillhytta ute på plassen. Der blei alle møtt med bål, og dei fekk servert kakao og peparkaker.

Det var svært koseleg stemning på adventstunda i det fine vinterveret.

Det var elevrådet som stod for opplegget, og dei hadde gjort ein strålande god jobb, får uskedalen.no referert frå både lærarar og elevar. Det var tydeleg at alle sette pris på tiltaket som er ein av mange gode ting som styrkjer samhaldet på skulen. Og meir kjekt blir det framover mot jul både klassevis og for heile skulen. Elevrådet kan m.a. fortelja at dei har planar om fleire kjekke aktivitetar før jul.
Hilde Bringedal er kontaktlærar for elevrådet.

Bål, kakao og peparkaker er ein perfekt kombinasjon.
Tekst: Hilde Bringedal/Thor Inge Døssland
Foto: Hilde Bringedal
Nett: Thor Inge Døssland