Mona Vetrhus ved Uskedal skule fortel at elevane i femte, sjette og sjuande klasse har skrive påskedikt. Ho synst dei har skrive så flotte dikt at ho vågar seg til å senda nokre til uskedalen.no. Redaksjonen set pris på dikta og takkar for tilsendt stoff til nettsida. Bilete øverst syner Trym Sæle og Mathias Haavik-Tungesvik


Det eg likar med påske,
eg har sett haren, 
gråkvit nedi skogen.
Og så likar eg lukta av granbar,
trea begynner å få blad.
Og så elskar eg å sjå på fjellet,
og så likar eg når tåka kjem opp.
Arn Huse Kristoffersen, femte klasse, Uskedal skule

Påske for meg er å tenka på påskeharen. 
Når eg var liten drøymte eg om påskeharen,
og eg skulle ønska at den kom.
Men vi hadde ingen påskehare. 
Eg drøymte at haren var i skogen og gøymte egg.
Lurer på om dei små ungane i Ukraina drøymer om påskeharen no?
Trym Sæle, sjuande klasse, Uskedal skule

Påske luktar som smågodt i eit påske-egg.
Påske smakar som snø på fjellet.
Påske er som påskeharen,
står opp om morningen 
og gjer jobben sin.
Mathias Haavik-Tungesvik, sjette klasse, Uskedal skule 

Arn Huse Kristoffersen skriv påskedikt.
Tekst: Elevar ved Uskedal skule
Foto: Mona Vetrhus
Nett: Kristian Bringedal
SvarVideresend