I dag var alle elevar og tilsette på Uskedal skule med på aksjonen Rein Hardangerfjord. Dei gjekk langs strendene i Stølavikjo, Beinavikjo og Gullvikjo og plukka med oss det boset ein fann. Rett skal vera rett. Det var ikkje mykje å finna, berre fem bossekkker. Det fortel at strandryddinga dei siste åra har hatt positiv verknad. Aksjonen Rein Hardangerfjord vert rekna som den største i sitt slag i verda, gjennomført på ein dag. Basen for aksjonen var i Rosendal der mykje av avfallet vart teke på land og sortert. I morgon er det gratis konsert med Morten Abel for alle som var med.

Elevar frå skulen rydda i Beinavikjo, Stølavikjo og Gullvikjo.

Tekst/nett: Odd Steinar Arnesen/ Kristian Bringedal
Foto: Uskedal skule