Bokbussen er eit mobilt bibliotek. Her kan du låna bøker, blad og tidsskrift. Bokbussen har fast stopp på Uskedal skule. Interessa frå elevane til å bruka dette tilbodet er stort. Vi kan ikkje sei det same om boklånet på ettermiddagstid. Bokbussen har stopp i Uskedalen v/ Gamleskulen måndagar frå kl. 16.50 til kl. 17.15. Dersom du ikkje har høve til å møta fram, kan du fornya og tinga bøker i “Mappa mi” eller du kan finna fram på biblioteket si heimeside. Bokbusen er godt synleg i landskapet med sine fargar og kreative figurar. Bruk tilbodet. Telefonen til bokbusen er 41 51 90 52. Bilete syner bokbussjåføren som ynskjer deg velkomen inn.

Kvar måndag kl. 16.50 har bokbussen stopp i sentrum.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal