
Eldsjelene, dugnad og frivillighet er grunnlaget for å skapa eit godt samfunn.
Uskedalen.no avsluttar 17. mai innlegga med referat frå Håvard Sætrevik sin tale i Uskedalen på Grunnlovsdagen. Det var ein kort og godt gjennomført tale, forståeleg for alle og med det som er viktig å ha med i ein 17. mai tale. I innlellinga var Sætrevik innom den historiske bakgrunnen med Eidsvoll og Grunnloven, vidare om krigen 1940 og krigshendingane i Uskedalen 18. – 21. april. Ukraina er i same situasjonen som det Noreg var i 1940. I dag er det Ukraina som treng hjelp for å stå opp mot ei framand makt. Arbeidet Tormod Myklebust gjer gjennom THK stifinga er døme på slik hjelp.

Frivillighet og det å gjera ein annan ei beina er ein føresetnad for å utvikla eit godt samfunn. Uskedalen er kjend for eldsjelene, dugnaden og eit rikt lagsliv. Tenk berre på Festidalen som er det mest vellukka frivillige prosjektet i kommunen. Nokon må organisera og bruka tid på det å skapa eit eit godt samfunn. Håvard Sætrevik avslutta talen med å lesa Olav H. Hauge sitt dikt Gjer ein annan mann ei beina.
Frammøte i Aktivitetshuset på 17. mai var om lag som før, sjølv om programmet var nedkorta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal