Uskedal skule er ein av sju skular som vert tilført ekstra midlar. Bak dette er vedtak i kommunestyret om ei økonomisk styrking til dei fådelte skulane. Ny lærarnorm og utrekning av gruppestorleik på 15/20 elevar har ført til at dei fådelte skulane kjem svekka ut i rammeoverføringa. Utrekninga med bakgrunn i klassedeling var ei betre ornding for desse skulane. Uskedal skule vert med dette tildelt kr. 457.611,-. Den totale ramma for 2023 er dermed 11,604 millionar kroner. Midlane skal i stor grad nyttast til ekstra bemanning.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Morten Nygård - Grenda