Den dåverande branntroppen i Uskedalen tek på sin måte farvel med brannbilen som i neste veke er på vegen til Ukraina. I 2013 brukte dei nær på 1000 dugnadstimar på renovering og ei omfattande ombygging. Det vart gjort for å styrka brannberedskapen i Uskedalen og i Kvinnherad. Den gamle Land Roveren song på siste verset og utan engasjementet frå branntroppen, ville neppe Uskedalen hatt stasjon i dag. Per Fausk var leiar i dugnadsgruppa og med seg hadde han sju ivrige brannmenn og ei kvinne. Den kompetente gruppa tok styring, fann den bilen dei ville ha, prøvekøyrte, stod for kjøpet og starta ei omfattande ombygging på Eidsvik Skipsbyggeri. Stasjonen vart delvis bygd om for å kunna ta bilen i hus. Paul Are Ljosnes gjorde ei flott jobb med lakkering.

F.v: Runar Myklebust, Kjell Tungesvik, Sindre Eidsvik og Per Fausk ( Sjå liste med namn på alle som var med på prosjektet ).

Bilen er ein Scania P 93 1991 modell med 280 HK. Bilen fekk ny innredning, alt bygd i aluminium, ny vasstank med kapasitet til 3400 liter, ny lysbjelke, knaggar og hyller for alt utstyret. Alt vart gjort på dugnad, nær på 1000 timar.

Bilen hadde vore brukt i Finnmark og kom med båt til Sandnes. Kvinnherad kjøpte bilen frå Brannteknikk i Flekkefjord. Kjøpesummen var kr. 250.000,- noko som vart dekka over kommunale budsjett. Renoveringa av bilen kom på nær kr. 70.000,-. Sponsorane dekka halvparten. Resten betalte Per Fausk frå eigen konto. Summen vart seinare refundert og dekka over budsjettet for Brann og redning.

Ikkje nok med det: For å koma i mål med prosjektet sa Branntroppen frå seg beredskapsmidlane i to år. Rett nok fekk dei tilbakebetalt eit av dei to åra.

Brannbilen var operativ til 2022. Etter ei tid utan skilt på Husnes, er bilen klar for eit nytt liv i Ukraina. Det er vedmodig å ta farvel med bilen dei fekk eit spesielt forhold til. No er ringen slutta. Det er godt å vita at brannbilen frå Uskedalen med mykje utstyr skal få gjera teneste med brannredning i det krigsherja landet Ukraina.

Branntroppen i 2013: Per Fausk, Runar Myklebust, Sindre Eidsvik, Tor Øystein Myklebust, Tor Jarle Kjærland, Kjell Tungesvik ( brannmeister ), Kjell Erik Taranger, Anne Guri Kildal. Gaute Moberg var med på renoveringa, sjølv om han på den tid ikkje var med i troppen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal