Hilde og Knut Bringedal med famlie fekk oppleva Rammstein på Bjerke travbane i går kveld, den største konserten på norsk jord nokon gong. Frank Steinsletten og Bjørn Bringedal var med i same fylgje. På Facebook les vi at Svein Pedersen og Rune Enæs med sine ektemakar også var på plass. Hilde Bringedal fortel at konserten var stilig og ei oppleving av dei sjeldne, noko ein truleg berre får med seg ein gong i livet. Borna hadde kjøpt billettar til foreldra. Avisa Vårt Land skriv i dag at Rammstein er kjend for å la blinde koma bak og på scenen før sjølve konserten. Det vert gjort for at denne gruppa skal få ei kjensle og spesiell oppleving som publikum.

Familien Bringedal fekk ei oppleving dei seint gløymer.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hilde Bringedal