Uskedal helselag hadde årsmøte i Gamleskulen i går kveld. tysdag 7. februar. Helselaget har ein sterk posisjon i bygda med møte, aktivitetar og støtte til gode helsefremjanade tiltak. Fleire gonger i året er dei på Rosendalstunet med mat og innslag på Syng med oss. Til jul har dei juleblom til alle med ein alder over 90 år i Uskedalen. I tillegg kjem julehelsing til alle frå Uskedalen som er beburarar på aldersheimane i kommunen. Helselaget pakkar og sender julegåver til Valen sjukehus. I forkant av årsmøte vart årsmeldinga sendt ut digitalt til alle medlemene på felles e-postliste. Les meir om styret og korleis verva er fordelte:

  • Eli Roseth Eik: Leiar – ikkje på val. Er vald for eit år til.
  • Karin Saghaug: Nestleiar
  • Jofrid Eik: Skrivar
  • Anette Sund: Kasserar
  • Randi Nybakk: Styremedlem
  • Klara Bakke: Varamedlem
  • Astrid Haugse: Varamedlem

Alle verva går over to år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Uskedal helselag