Arbeidet med å fella dei to store bøketrea på Bygdetunet Rød vart gjort for to veker sidan. Det var eit krevjande og omfattande arbeid, mellom anna med å sikra at det ikkje vart gjort skade på husa i tunet. Eit trefellingsfirma frå Bergen var ansvarleg. Med seg hadde dei Dimmelsvik Entreprenør med Pål Ingmar Haugland som maskinførar og Steinar Haugland med traktor og vinsj.

Her er det store dimensjonar.

Steinar Haugland fortel til uskedalen.no at arbeidet gjekk over tre dagar. Fyrste dagen gjekk med til sikring og skjering av greiner som truga husa. Trefellarane frå Bergen klatra til topps og skar greiner som truga husa. Den fyrste bøka vart skoren ned den andre dagen. Pål Ingmar var på plass med gravemaskin med klypa og plukka ned bit for bit. Steinar hjelpte til med vinsjen. Neste dag tok ein bøk nr. 2 på same måten. Det vart brukt store sager med ei motorkraft på 120 kubikk.

Her vart det brukt motorsager med ein storleik på 120 kubikk.

Alt skal brukast anten som ved eller materialer. Grunneigar vil nytta noko til ved. Større dimensjonar vert køyrt til Kvinnherad Vekstbedrift for oppskjering. Trefellingsfirma frå Bergen kjem attende og skjer opp dei største strongane, som seinare går til materialer og ved.

Steinar Haugland fortel at trefellinga på Rød er av det største han har vore med på. Arbeidet var krevjande fordi det var snakk om sikring og sjå til at det ikkje vart gjort skade på husa og det freda eiketreet frå sein mellomalder.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal