Styret i Uskedal Ungdomslag klargjer no Helgheim for meir normal utleige. Takk vera støtte frå Sparebankstiftinga er det no kome på plass ny varmepumpe og utemøblar. Snart kjem det og nye, lystette gardiner på plass opp i salen. Det er laga eit lite avlukke opp i gangen til stolane som til ei kvar tid ikkje er i bruk inne i salen. Nye samanleggbare bord vil snart bli kjøpt inn som erstatning for dei ikkje-samanleggbare borda som vart solgt tidlegare i våres.

Festsalen i Helgheim.

Ute er malejobben og skiftinga av vindskier, som stod igjen å ferdigstilla etter jobben som vart påbegynt i fjor, ferdig. Vi ser fram til å få litt liv å røre i huset igjen. I haust er Helgheim alt utleigd til både komfirmasjon og barnedåp. Men sjølv om vi no opnar opp, må ein husga å fylgja dei til ei kvar tid gjeldande koronareglane-/restriksjonane.

Kjellaren med nye stolar og bord for nokre år sidan.

Kontaktperson for leige av Helgheim: Hildegunn Klette Hansen tlf. 91598816 Minnar og om at det er mogleg å leiga ungdomslagshytta Fjelly. Kontaktperson: Janne Yri Tlf. 93033973 For styret i Ungdomslaget Anita Enæs

Det er montert nytt og morderne kjøkken i Helgheim.
Tekst/foto: Anita Enæs
Nett: Kristian Bringedal