Eit imponerande resultat!
Uskedal helselag si årlege demensinnsamling vart gjennomført måndag. I heile bygda var bøssebærarar ute og det er fantastisk kor rause bygdefolket er. Triveleg er det og å gå med bøsse og møte så mange gode og kjekke uskedølar på eit par ettermiddagstimar.
Totalt vart det samla inn kr. 60320,- til Demensaksjonen 2026. Av desse kom kr. 33660,- inn på loddsal og kr. 26660,- på sjølve innsamlingsdagen.
Etter gjennomført innsamling kom bøssebærarane tilbake til Gamleskulen og fekk servert kaffi og kaker. Fysio- og ergoterapitenesta haldt foredrag om hjelpemidlar og forebyggjande tiltak.
Berit Harriet Døssland fekk blom sponsa av Spar, som takk for den flotte hardangersaumen til bunadsskjorte som ho har gitt til utlodding. Vinnaren av skjortesaumen var Elisabeth Irgens. Helselaget hadde og tre turkoppar i trøstepremie som vart vunne av Elisabeth Blokkum, Gro Pernille Lien og Helge Espevik.
Uskedal helselag sender ei varm takk til alle som har engasjert seg, teke i mot bøssebærarane og til alle bidrag som har blitt gitt.
Foto: Nasjonalforeningen for folkehelsen Tekst og nett: Elin Legland