Kvartetten ÆRE er tildelt eit ærefylt oppdrag då deii helga skal vera med på 300 års jubileet for Fjelberg kyrkje. Kvartetten, leia av Eva Megyesi, skal ha sine framføringar på festgudstenesta og på sosialt samvære etterpå. Den noverande Fjelberg kyrkje er ei langkyrkje frå 1722, bygd i tømmer og med 160 sitjeplassar. Denne kyrkja erstatta den treskipa stavkyrkja som stod om lag på same staden. Det er ikkje funne bygningsrestar etter denne kyrkja, men kyrkja er nemnd i kjende kjelder frå 1360. Fjelberg stavkyrkje var truleg reist allereie på 1200-talet. Bilete f.v: Eva Megyesi, Svein Rimestad, Kristian Bringedal og Aslaug Hellesøy

Fjelberg kyrkje ligg fint plassert på Fjelbergøy, i sundet mellom Borgundøy og Fjelbergøy. Her ligg også Fjelberg gamle prestegard som saman med kyrkja dannar ein fin heilskap.

Eit 300 års jubileum er verdt å markere, og Fjelberg og Eid sokneråd inviterer til festgudsteneste med samvêr i prestegarden etterpå.

Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, prost Svein Arne Theodorsen, sokneprest Carsten Mrusek og fleire lokale prestar vil delta.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kyrkja i Kvinnherad - facebook
Foto: Kristine Hestad