Eit 30 tals personar trassa haustregnet og den sterke vinden for å gå på salmekveld i kyrkja. Etter opning med Uskedal musikklag og kvartetten ÆRE, var det tid for salmeynskje Med innsende framlegg frå sju kvinner og menn kom ein opp i tilsaman 12 salmar, dei fleste henta frå Norsk salmebok, men også nokre frå andre religiøse song- og melodibøker. I tillegg var det allsong til to av innslaga frå musikklaget. Salmeskatten er stor og varierande, alt frå Blix med Sjå dagen sprett, Ronald Fangen Guds menighet er jordens største under til Det finst ei jord som opnar opp av Nobelprisvinnaraen i litteratur Jon Fosse skriven i 2008. Den siste er ny for mange, men tonen til Andreas Utnem let seg læra.

Kantor Eva Megyese er dyktig med tonefylgje og det å læra kyrkjelyden nye salmar

Kom til den hvitmalte kirke, skriven av William S. Pitts på 1800 talet, vart henta fram. Mange hugsar den frå barndom og oppvekst. Møyfrid Kristoffersen minnest songen tilbake frå barndomen sin på Sandsøy på Sunnmøre.

Nelly Kjærland hadde med songen Gud vil ikke miste en neste en med tekst av Trygve Bjerkrheim, melodi Gunnstein Draugedalen. Ho minnest ei sterk framføring av songen frå Salem i Bergen.

Meir kunne vore skrive og sagt. Framfor alt er songen det viktigaste. Kyrkjelyden i Uskedalen syng godt, noko som motiverer soknerådet til å halda fram med den halvårlege salmekvelden. Nye salmar må lærast. Tradisjonelle salmar må haldast i hevd.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal