Einebustad med adresse Skårhaug 6 ligg ute for sal på Finn.no. Huset med eit bruksareal på 185 rutemeter går over tre etasjar, kjellarplan, hovudetasje og loft. Skårhaug er sentrum i Uskedalen. Det er gangavstand til butikkar, skule, barnehagar, fritidsaktivitetar og andre sentrumsfunksjonar. Utropspris er sett til 3,2 mill. kr.

Skårhaug 6 er bygd i 1969/70. Huset ligg vestvendt med storslagen utsikt mot elvosen, sentrum, Storsund, Skorpo, fjella Englafjell og Manen. Skårhaug er eit etablert bustadfelt med hus bygde over tid, frå 1950 talet og fram til 1980 talet.

Det er totalt fem soverom i huset. Loftet er innreda med 2 soverom og god lagringsplass. I hovudhøgda finn du kjøkken, stove, bad, toalett og to soverom. På kjellarplan er det garasje, kjellarstove, vaskerom og matbod.

Huset ligg vestvendt med panoramautsikt. Foto: Karl Petter Vårdal

Det er montert varmepumpe i tillegg til varmekjelde med elektrisk og vedfyring.

Finn kode: 199891630.

Interesserte kan kontakta Knut A. Myklebust på mobil: 412 30 804

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Karl Petter Vårdal