
Ein verdig konfirmasjon i ei vakker ramme, i ei fullsett kyrkje.
Gudstenester, fasteaksjon, lystenning, tema, diskusjonar og andre innslag er ein del av konfirmantførebuinga. Og endeleg er konfirmasjonsdagen komen. 11 konfirmantar, foreldre, slekt, vener, sokneprest, kantor og klokkar, alle var der.

Ramma kring ein kyrkjeleg konfirmasjon er ei gudsteneste med tekstlesing, tale, song, bøn for kvar enkelt konfirmant og lystenning. Uskedal sokneråd helsar konfirmantane med jubileumsbok og rose.
Soknepresten song solo salmen Han skapte skogen og han skapte vannet av Hans Olav Mørk. Tonefylgje: Eva Megyesi.
Dei som gjorde teneste i kyrkja i dag, var: Liturg: Sokneprest Kjetil Kringlebotten. Organist: Kantor Eva Megyesi. Klokkar: Jon Harald Kjærland. Kyrkjetenar: Johannes Solheim.
Namna på årets konfirmantar finn de på uskedalen.no for ei veke sidan.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø