Aktivitetshuset var arena for konserten Ukraina i våre hjarto i går kveld. Det var god plass i amfiet som ikkje har vore brukt sidan tida før pandemien. Arrangøren fekk oppleva at det tek tid å ta samfunnet tilbake og å få folk ut og inn i konsertlokale. Frammøte la likevel ikkje dempar på kvelden. Sju aktørar/grupper med eit repetoar på 27 innslag vart gjennomført på knappe to timar. Då var det også lagt inn tid for VIPPS og helsing frå Vidar Akselsen i THK stifelesen via høgtalar på mobil. Akselsen orieterte kort om den imponerande innsamlinga i Kvinnherad og at hjelpesendinga med sjåfør Tormod Myklebust i går kveld køyrde ombord i ferja frå Stavanger og såleis har starta den lange reisa fram til grensa mellom Polen og Ukraina der det er omlasting. Målet for denne hjelpesendinga er Korosten. Bilete på topp syner blandakoret Røysterett for Alle. Dirigent: Maria Malmsten.

Veteranbandet Uskedal Musikklag sviktar ikkje.

Det meste av kor- og korpsmiljøet i Uskedalen var representert, som Uskedal musikklag, Rustne Menn og Røysterett for Alle. I tillegg må vi ta med vokalensembler GLIMRAH med Maria Malmsten som musikalsk leiar og kvartetten ÆRE med Eva Megyesi som leiar. Martine Myklebust, elev på kulturskulen, opna konserten med Royal Procession frå hefte Bastien bit for bit. Seinare framførte ho stykke Matadore.

Pianistane på konserten var Martine Myklebust og Eva Megyesi.

Eva Megyesi hadde funne fram den ukrainske komponisten Viktor Korsenko med fire klaverstykke, faktisk inspirert av vår eigen Edvard Grieg.

GLIMRAH er eit vokalensemble med songarar frå fleire bygder i Kvinnherad.

Konserten var avslutta med den mektige songen Til ungdommen, tekst Nordahl Grieg. Eva Megyesi sat ved klaveret og stod for tonefylgje.

Rustne Menn lever opp til namnet sitt, ja.
Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Maria Malmsten/ Kristian Bringedal
Det neste oppdraget for kvartetten ÆRE er Syng med oss på Rosendalstunet.