Ønskjer fleire familiar med barn til Rabben Feriesenter.

Då eg var nedom Rabben Feriesenter mandag kom ei dame med to barn padlande på SUP inn mot den nydelege stranda. Desse fekk eg ein god prat med. Det var Kine Cecilie Stensletten saman med dottera Tuva (blir 7) og venninna hennar Marikken (7). Kine Cecilie er opphaveleg frå Husnes, men bur no i Knarvik saman med familien sin som i tillegg til Tuva er sambuaren Lasse Nikolai Villanger og vesle Tilde som sov i vogna då eg besøkte dei. Dei har og to hundar.
Marikken er frå Rong, og ho og Tuva er blitt venninner på campingen.

Tuva og Kine Cecilie har opplevt mykje kjekt på Rabben Feriesenter og i Uskedalen.

Når eg spør om korleis det hadde seg at familien hamna på Rabben Feriesenter, er det fleire gode grunnar til det. Kine Cecilie har jo til knytning til område med oppvekst på Husnes og slekt både i Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Lasse hadde feriert mykje i området med foreldra i båt, – både i Rosendal, Uskedalen og på Husnes.
– Vi såg på denne nydelege plassen, og hadde lyst på noko utover denne nydelege pynten her, men det var ikkje noko ledig då vi var i kontakt første gongen. Våren 2024 kom vogna og spikarteltet ved epletreet til salgs, og då tenkte vi at vi kunne prøva campinglivet sjølv om ingen av oss hadde erfaring frå det, fortel ho om oppstarten.
– Det er jo fantastisk plassering då, og Tuva elskar jo å bada og å kjøre på SUP så då er det ideelt med denne flotte stranda like ved. Denne gongen er det jo heilt strålande med veret og, og Lasse sa ein dag at vi har vel aldre vore så lite inne i vogna.

Viss det ikkje er bading, er det mange andre muligheter. Aktivitetsparken ved skulen er jo heilt fantastisk.
– Eg likar å dissa, men aller best likar eg ziplinen, seier Tuva medan mora legg til at no har dei med sykkel, og den sykkelbanen er jo super.
Elles forstår eg at Tuva er glad i å gå på tur, og ho fortel at ho likar å gå til Mannsvatnet, der onkel Ragnvald og tante Marit har hytte.
– Der har eg vore når eg var liten og når eg er stor, forklarer Tuva.
I haust var dei fire venner frå barnehagen saman med foreldre på overnattingstur til Mannsvatnet. Då leigde dei ungdomslagshytta Fjelly og hadde ein kjempetur sjølv om veret ikkje var topp.
– Vi fiska, fekk litt fjellaure og grilla den. Heilt nydeleg! seier mora og det er lett å lesa på ansiktet kor godt det smakte.
– Nei. Eg liker krabbe best, følgjer Tuva opp.
Ofte er dei også på Skårhaugtoppen og skriv i boka.

Dei har og tenkt å leiga båt på Feriesenteret.
– Det har det rett og slett ikkje blitt tid til enno, men det er planen, og det er jo billeg.
Medan mora fortel dette, legg Tuva kjapt til:
– Vi har no gummibåt med oss.

Kine Cecilie, Lasse, Tuva og Tilde er svært fornøgde med plassen dei har på Rabben Feriesenter. Her nyt dei sommaren saman med Marikken som også likar ferielivet tett ved sjøen.

Sentralt som plassen ligg, er det også eit fint utgangspunkt for turar til andre opplevingar.
– Sist helg var vi på Pippifestivalen i Skånevik, og denne helga er det vel fiskefestival på Sæbøvik. Elles har vi jo vore i Steinparken, og så er det jo ikkje så langt til Mikkelparken heller. Det er mykje som kan opplevast herifrå, seier Kine Cesilie fornøgd.
– Planen er å vera mest mulig ute og kosa oss med mulighetene. Vi blir nok her til regnet kjem, eller så lenge humøret er her. Vi har det jo heilt topp. Einaste eg ønskjer er fleire barnefamiliar her. Tuva er jo heldig og har Marikken som ho fant her. Det er jo den ideelle plassen for barnefamiliar, avsluttar Kine Cecilie Stensletten.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland