Ein ny installasjon på festivalområde.
Festidalen er kjend for eit pynta område med figurar og installasjonar. Gjennomgangstema er natur- og bygdekultur. Eit felles omgrep kan vera landleg. Mange vil truleg merka seg eit nytt tiltak, ei plattform med eit bord og blomar. Ikkje alle tenkjer at her har det vore ein brunn, ei kjelde – utgraven og murt.

På Dønhaug hadde dei kjelde inne på tunet. Over brunnen var det eit lite hus. Her henta dei vatn til dyra og til husbruk. Det vesle huset vart restaurert sist for om lag 30 år sidan. No er huset teke bort. Over kjelda er det laga eit lok, ei lita plattform for pynt eller for å sitja på.
Pynte- og områdegruppa legg vekt på det visuelle og brukar enkle grep for å skapa trivsel på Festidalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal