Ein ny assistent og tre nye lærarar på Uskedal skule.
Personalgruppa på Uskedal skule er fornya med ein assistent og tre lærarar. Det er totalt 18 tilsette på skulen. Av desse er det 11 lærarar, 5 fagarbeidarar, ein reinheldar i tillegg til rektor. Ved oppstart av nytt skuleår er elevtalet 87. Det er ein nedgang frå året før. Bilete syner nytilsette ved Uskedal skule. F.v: Rose Rosenbäck Nesse, Bente Gundersen, Anita Miljeteig og Monica Nessestrand.
Dei nytilsette på Uskedal skule er:
- Rose Rosenbäck Nesse frå Husnes. Rose skal vera assistent i 7. klasse.
- Bente Gundersen. Bente skal vera kontaktlærar i 1. klasse med 10 elevar. Bente kjem frå Spesialpedagogisk team i kommunen, ei teneste som sorterer under verksemda Familie – barn. Bente Gundersen er frå Uskedalen.
- Anita Miljeteig frå Uskedalen skal vera kontaktlærar i 3. klasse med 14 elevar. Anita har ei fem årig utdanning frå Høgskulen i Bergen, master og bachelor med fordjuping i barne- og ungdomslitteratur i tillegg til pedagogikk. Ho har ei formell utdanning som lektor.
- Monica Nessestrand frå Husnes skal vera kontaktlærar i 2. klasse med 11 elevar. Monica kjem frå Husnes og er adjunkt av utdanning.
Elevar, foreldre og personalgruppa ynskjer dei nytilsette velkomne til teneste ved Uskedal skule.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal