Eit trettitals menneske var samla til friluftsgudsteneste i tunet til Ole Kristoffer Vågen på Skorpo i dag. Det er ei fin og personleg samling der familien i Vågen har sentrale roller i gjennomføringa. Ole Kristoffer er skysskar, Syster hans, Annbjørg, er vert, klokkar og står for kyrkjekaffi. Nils Rainer er solist. Han spela Å, Vestland, Vestland til preludium og The green Hill til postludium. Dessutan hadde han tonefylgje til salmane saman med Rebekka Attramadal ( song ).

Nils Rainer Vågen spela solo og til salmesongen.

Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo går tilbake til tidleg 1990 tal. Det var i presten Tor Holm si tid i Kvinnherad at ein valde å leggja ei utegudsteneste til Skorpo, dei fyrste åra i tunet til Johannes Hauge, seinare i Vågen. Liturg i dag var sokneprest Kjetil Kringlebotten. Ein fast gjest på Skorpo er Cort Holtermann frå Utåker. Sidan 2004 har han vore på alle gudstenestene. Frammøte på Skorpo er ei fin blanding av hytte- og feriegjester og fastbuande på Skorpo og frå andre bygder i Kvinnherad.





Kyrkjekaffi i stova til Annbjørg Vågen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal