Thord Paulsen frå Odda er ny eigar av Auto 88 i Uskedalen. Christian Stensletten og Lars Myklebust har dermed seld seg ut og ei tradisjonsrik verksemd er på nye hender. Det gjeld både på eigedom og drift. Christian Stensletten held fram på verkstaden som mekanikar. Bjørn Inge Eik Gjerde vil ha ansvaret for alt på bilberging. Tor Gundersen og Roald Eik vert leigd inn når det trengst.

Thord Paulsen (t.v ) er ny eigar av Auto 88. Her saman med Christian Stensletten og Bjørn Inge Eik Gjerde.

Thord Paulsen er stor på bil og eigedom i Hardanger. Det gjeld alt frå bilforhandlar, verkstad, bilberging, dekklager og sal. Med kjøpet av Auto 88 i Uskedalen forsterkar han sin posisjon i Kvinnherad. Uskedalen ligg sentralt til og verkstaden er synleg for alle som køyrer gjennom Kvinnherad. Det er ein ideell plass for ein redndingsbase. Pr. i dag har han tre bilar stasjonert i Uskedalen, to kranbilar og ein utrykningsbil. Bilane har ulik funksjon ut frå storleik, lengde og lasteevne. Dersom det er trong for noko ekstra, hentar han ut bergingsbilar frå Odda.

Paulsen vil ha tre bilar fast stasjonert i Uskedalen.

I samtale med uskedalen.no fortel Paulsen at han gradvis vil utvikla verksemda i Uskedalen. Han ser alt no at han treng auka bemanninga på verkstaden. Dersom det er ledig bilmekanikar som ynskjer jobb, er det berre å ta kontakt.

Bensin- og diselsalet held fram som før med Knaphus som leverandør. Sjølv vert han, med alle sine bilar, ein god kunde på drivstoff. Firmanamnet Auto 88 held førebels fram som før.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal