Songgruppa Singing Tweens inviterte til ei songglad stund i kyrkja fredag. Med seg hadde dei den kjende musikaren og presten Ivar Skippervold. Saman framførte dei ei rekkje songar både i samsong med Skippervold og åleine som eit barnekor. Rebekka Attramadal stod for tonefylgje. Nelly Kjærland, Trude Skogtun og Svanhill Haugland er leiarar for gruppa. Det var på alle måtar ei gild stund i kyrkja med frammøte av foreldre, besteforeldre, vener og slekt. Born frå andre bygder, som ville vera med, møtte fram til ei kort øving i forkant. I pausen var det mat før konserten starta i 18 tida.

Ivar Skippervold er multikunstnar og engasjerer born og vaksne med ein klar kristen bodskap.

Ivar skippervold ( f. 1949 ) markerte seg sterkt i det som vart kalla Jesusbevegelsen på 1970 talet. Han etablerte dei fyrste multireligiøse festivalane i landet. Han har arbeidd med radio og TV og er musikar, tekstforfattar og artist. I dag er han pensjonist, men likevel framleis sokneprest i Den norske kyrkja.

Singing Tweens saman med Ivar Skippervold og Rebekka Attramadal.
Teskt/foto/nett: Kristian Bringedal