Ei kulturminnevandring som enda opp med ei storhending i skulemuseet.
Uskedal Historielag hadde i dag kulturminnevandring der vi fekk læra meir om historia til kvednane ved Tverrelva og gravhaugane på Haugland. Ståle Eik leia trettitals menneske som trassa regnet gjennom det på svært interessant vis. Turen gjekk vidare til Vonheim der Møyfrid Kristoffersen og medhjelparar sytte for vafler, kaker og kaffi.

Siste post på programmet var i skulemuseet med om lag 35 frammøtte. Der viste Sindre Aksnes fram fela etter lærar Andreas Haugland og fortalde om reperasjonssrbeidet han har gjort, før han spela ein slått på den. Deretter vart Gaute Haugland sitt måleri Birkebeineren avduka. Det er ein kopi av Lars T. Wang sitt måleri etter Knud Bergslien sitt motiv med dei som berga kongsbarnet over fjellet på veg til Trondheim. Lars T. Wang sitt måleri forsvann på slutten av 1960-talet. Markeringa med fela og måleriet vart ei høgtidleg hending.

Takk til Per Aksel Haugland, etterkomar etter lærar Haugland, kom med fela. Målet var å føra instrumentet attende til slikt ho vart brukt i skulestova på Haugland. No er fela restaurert, klar til bruk på konsertar og ved andre tilskipingar.

Kristian Olav Bringedal losa følgjet gjennom programmet.
Tekst: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland Foto: Veslemøy Haugland/Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal