Barnekoret Singing Tweens og solisten Nils Rainer Vågen sette sitt preg på julegudstenesta i kyrkja i dag. Julebodskapen vart formidla ved song, musikk og tekstlesing. Ved pianoet sat tidlegare organist Reidar Algerøy. Liturg var sokneprest Kjetil Kringlebotten. Etter to år med restriksjonar og mindre frammøte, var det i dag ei fullsett kyrkje og dermed er ein tilbake til tida før pandemien. Mange tilreisande julegjester og utflytte uskedelingar var å sjå på gudstenesta.

Songgruppa Singing Tweens formidla med stor glede julebodskapen.

Singing Tweens med sin leiar Nelly Kjærland song heile seks songar, alle med bakgrunn i tema jul. Songgruppa kom godt frå oppgåva sjølv om det mangla tre medlemer, av dei også solistar.

Nils Rainer Vågen på eufonium er solid og trygg i sine framføringar. Han spelar ofte utan tonefylgje: Det er vakkert å høyra på.

Nils Raine Vågen er ein habil messingblåsar. Hans spelar ofte solo på instrumnetet eufonium.

Med bakgrunn i juleevangeliet la presten i sin tale vekt på bodskapen om verdens største gåve, nemleg Jesus Kristus. Det handlar om å få, men også om å gje vidare, det beste i vårt liv og vår tru.

Offeret i dag gjekk til Sjømannsmisjonen – sjømannskyrkja, den norske kyrkja i utlandet. Tilbake i tid var det mange sjøfolk frå Uskedalen. Sjømannsmisjonen i bygda la ned eit stort arbeid. No er kyrkja i endring. Kyrkja skal vera ei støtte og hjelp for alle nordmenn i utlandet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal