Den tradisjonelle julegudstenesta på juleafta samla mykje folk sjølv om veret ikkje var det beste med regn og slaps. Songgruppa Singing Tweens og solisten Ebba Hermann-Fossli på kornett var med og sette sitt preg på gudstenesta. ( sjå bilete på topp ). God song og vakker julemusikk er alltid eit godt val og noko ein vil ta med seg vidare i julehøgtida. Nelly Kjærland med Rebekka Attramadal på piano har eit godt grep om Singing Tweens. Rebekka hadde også tonefylgje til Ebba sitt solistinnslag. Liturg var sokneprest Kjetil Kringlebotten. Offergåva gjekk til Sjømannskyrkja – norsk kyrkje i utlandet.

Singing Tweens song fleire julesongar i to avdelingar.
Det var trass regn og slaps på vegane godt frammøte på julegudstenesta i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal