Jau, det er motorkutteren  «Mågen», H-17-K.Eigar: Sigurd Arnesen.
Det må framleis finnast uskedelingar som hugsar denne gamle slitaren.
Men er det nokon som  har eit godt bilete av «sluppen» som Sigurd Arnesen ofte kalla han.
Vi treng det til historieprosjektet om fartøya frå Uskedalen.

«Mågen» var bygd i Lowestoft, England, i 1884. Lengde: 53 fot (engelsk mål).
Registrert hos Jondal Skipsassuranse (polisenr. 24)  fyrste gong i 1914.
Eigarar: John Pedersen Lambø og Sigurd Arnesen.
Reg.stad: Finnås. Frå 1917 er Sigurd Arnesen eineeigar.
Registrert i merkeregisteret 8/11 1920.  Motor: Grei. 15-18 HK.
«Farkosten skal brukes til fragtfart, fjordfiske og kystfiske
Førarar i fylgje protokollen til Jondalsassuransen:
            1919 – 21:      Gustav Olsen Kversø
            1922:              Jens J. Ljosnes
            1923:              Christen Hansen
            1924-35:         Helge J. Rød
            1936-37:         Hans Bie
            1938-              Jens Ljosnes
Reiarboka syner oss litt av historia vidare:   I krigsåra og tida etter, var Jens Ljosnes var den mest nytta føraren.
I tillegg  finn vi Anton Fosse, Thor J. Snilstveit og Sverre L. Rød. Jamvel reiaren sjølv, Sigurd Arnesen, er i tre sesongar registrert som førar.  
«Mågen» låg i periodar i opplag på Beinavikjo.

I 1958 overtok så Hermann Håvik, Ølve, som eigar. Skuta som nå har nådd ein alder av 74 år, og er noko sliten, får namnet «Mågen II».
Han er ikkje å finna i forsikringsprotokollane i Jondal for 1960 og – 61.
Siste bokførde merknad etter 78 års teneste, ser difor ut til å vera:
«Iflg. melding er m /K  «Mågen» kondemnert og er dags dato stroken av registeret. 30/6 – 62.

Tekst: Olaf Agnar Gausvik
Fotoutsnitt: K. Harstad Kunstforlag (ca. 1953)
Nett: Thor Inge Døssland